Innovasjonsdagen Sogn 2023

 
 

Velkommen til Innovasjonsdagen Sogn 2023 – eit samlingspunkt for bedrifter og gründerar som vil inspirera, og ein dag som vil gi ny læring og opna for nye nettverk! Også i år har vi eit fullspekka program med foredrag frå gründerar og bedrifter som har oppnådd betydeleg vekst og suksess. Tema for denne dagen er som alltid innovasjon, teknologi og omstilling.

 
 

Foredragshaldarar

 

Johan Brand

Johan Brand
Kahoot!-Gründer
Kreativ serieentreprenør og investor

Johan Brand er teknologigründer, kjent som ein av grunnleggjarane og første daglege leiar av den globale læringsplattforma Kahoot! Han leda Kahoot! frå eit forskingsprosjekt til ei teneste som no er ein av dei største merkevarene i verda innan læring.

Han beskriv seg sjølv som «kunstnar og skaper» og omtaler Kahoot! som ein fusjon av idear, som handlar om læring, teknologi, åtferd og oppleving. Johan skal halda eit personleg foredrag om reisa bak Kahoot! som tek for seg innovasjons strategi, menneskes forhold til teknologi og moglegheitene som ligg der. 

 

Rolf Risnes

Rolf Risnes
Gründer og dagleg leiar i We Are Learning

Rolf er seriegründer og har gjort mange gode erfaringar gjennom ei rekkje oppstartar. Opphavleg Ytre Sogning med over 20-års erfaring frå Ed-tech/tech. Co-foundet 6 selskap innan Ed-tech, spel og læring (og eit mikrobryggjeri). Aller best på 0-100.

Rolf skal halda foredraget “Disrupsjon, risiko og fart som konkurransefortrinn”, noko me gler oss veldig til! På 12 måneder har We Are Learning bygd et sterkt team, hentet finansiering, utfordret etablerte sannheter, landet de første kontraktene og lansert Ed-tech produktet med en global ambisjon.  

 

Kristoffer H. Engebø

Kristoffer H. Engebø
Gründer og dagleg leiar i Eduplaytion

Sunnfjordingen er gründer og dagleg leiar i EdTech-selskapet som utviklar spelbaserte læringsløysingar for den norske og internasjonale B2B- og B2C-marknaden. Numetry er eit matematikkspel som tek 4.–7.-klassingar med på ei spennande reise til verdsrommet, der dei lærer at matematikk både er nyttig og morosamt.

Spelet har fått svært gode skotsmål frå både små og store, og har sidan lanseringa i august 2022 vorte implementert i 160 av 356 norske kommunar. Kristoffer vil dele sine ti beste og konkrete lærdommar frå tida med Eduplaytion. 

 

Gro Mykkeltvedt

Gro Mykkeltvedt
Gründer og dagleg leiar i Dialed Coach

Gro Mykkeltvedt er leiar- og organisasjonsutviklar med en særleg vekt på kjærleik; noko som har resultert i nyskapinga BlueJay Coach - ein digital personleg veileder som trener medarbeidarar og leiarar for auka tryggleik og mot. Gro vil snakke litt om kvifor eigenomsorg, sjølvleiing og personleg tryggleik er viktig for å fremje gode kulturar og arbeidsglede. 

 

 Program

 

Påmelding, tid og stad

Tid og stad
Innovasjonsdagen Sogn blir arrangert på Quality Hotel Sogndal den 22. september kl 09:00 til 13:00. Registreringa opnar kl 08:30. Arrangementet blir avslutta med lunsj.

Mat og drikke
Inkludert i billetten din er forrykande foredrag, ein herleg lunsj og kaffi og te under heile arrangementet

Påmelding og pris
Ordinær: 750,-
Student (50 prosent rabatt): 375,-

Betaling skjer med Vipps, kort eller faktura ved påmelding.
Påmeldingen er bindande, og det er eit avgrensa antall plassar.

Arrangørar
Innovasjonsdagen Sogn 2023 blir arrangert av Kunnskapsparken Vestland & Sogn Næring. Hovedsponsor for arrangementet er Teknoløft og Sparebanken Sogn & Fjordane. Andre bidragsytarar er Eigargruppa Campus & HVL Skape.

Innovasjonsdagen Sogn - fargeprofil grønn.png