Om Campus Sogndal

Bakgrunn og visjon 

På Campus Sogndal handlar det om:

  • kunnskapsbasert utvikling som ivaretek etiske, miljømessige og økonomiske omsyn

  • å gje ungdom og vaksne lyst til å lære av kvarandre

  • å gje regionen lyst til utvikling

  • å ha entreprenørskap som kjerneverdi

  • å vere tilgjengeleg – allmenningen 24/7

Målet er å byggje på samspelet mellom intellektuell og sosial utvikling, mellom
entreprenørskap og ungdommeleg pågangsmot, mellom det profesjonelle og det frivillige. I denne smeltedigelen skal skule, idrett, friluftsliv, kompetanseverksemder og gründarar ha fokus på samhandling for å skape vekst for den enkelte og for fellesskapet.

Historia om Campus Sogndal

Dei første stega til å etablere den store tanken om Campus Sogndal i vesle Sogndal vart gjort av Sogndal fotball i 2001. Namnet Fosshaugane Campus vart vedteke i 2003, og same året vart ein rapport om skulesamarbeid publisert.

Sogndal fotball starta første byggjesteg i 2004. Sogndal vidaregåande skule sitt bygg, som også inneheld Fylkestribuna, stod ferdig sommaren 2011, medan det nye bygget til Høgskulen på Vestlandet stod ferdig i 2012.  I 2018 vart namnet på området endra til Campus Sogndal, fotballbana heiter framleis Fosshaugane Campus.

I dag har omlag 970 tilsette og 4 200 studentar og elevar sitt virke på Campus Sogndal. 

Ca. 50 bedrifter har i dag tilhald på Campus Sogndal. Mange av dei er oppstartsbedrifter som du finn i FUS Sogn i Innovasjonsbygget.

Eigargruppa Campus Sogndal

Desse er eigarar av eigedom på Campus Sogndal-området og med i eigargruppa:

Bruke Campus Sogndal-kart og logo

Laste ned Campus Sogndal kart (3D)

Foto toppbanner: Sogn og Fjordane Fylkeskommune/Oskar Andersen